Der røk badet!
For ei kort tid framover (vonaleg), så er badet lettare upersonleg og opent. Vatnskader og fukt har medført store inngrep vi ikkje var heilt klar for så tidleg i prosjektet. Dette var noko som vi hopper i på ståande fot, og håpar vi finner løysing på asap! Der skal nye membranar på veggar, og VVS skal fiksast. Det har gått stygt ut over veggane frå 1960 og noke laftverk må kanskje bytast ut. Mest går det ut over nattesøvnen min.
Baderommet var i henhald til papirane våre satt opp i 1959, og var søkt inn som vanleg byggesak. Dette var gjort av godkjend røyrleggjar og badet vart tilkopla kommunen sitt offentlege avløpsnett etter beste høve. Etter at ein røyrleggjar har fikset stoda under baderommet, kan gulv og inventar kome på plass att. Baderommet frå 1959 har ikkje sett ut akkurat som i dag, då veggane i grøn respatex har kome utanpå andre simplare veggsjikt, og er tenkjeleg kome på som konsekvens av dårlege tilhøve for fukt (eller gode for fukten, dårleg for meg). Respatexen var råtten, og dette viste seg seinare å gjelde heilt inn til utlektinga av veggane frå 1959. Dette får eg no sjangsen til å rette opp i, og nytt stenderverk skal på plass, med nye membranar og reparerte rør. Når enden er god, då skal eg ha meg ein dusj.
This slideshow requires JavaScript.